
Endeleg var dagen der! Dagen han hadde sett fram til i laang tid. Han hadde førebudd seg godt, kom ikkje der! Og no var han klar..
Det var nemleg i dag dei fikk att engelsktentamen! Han var heilt viss på å få "S", minst. Han hadde jo tross alt førebudd seg i fire veker i forvegen. Han fekk elektriske spasmar over heile kroppen når han tenkte på dette. Tenk det a! Ess Jess, tenkte han, og humra for seg sjølv.
På bussen til skolen satt han og tenkte på det heile tida. Fleire snake til han, men han ensa det ikke. Dette resulterte i buksevatn og døyping i pisserenna. Men dette syntes Arild var heilt okei, for han kom jo til å få S(!) på engelsktentamen.
På skolen. Fjerde time. Engelsk. Oboy, oboy, oboy! Det verste som kunne hende var at han fekk S-, men sjølv det var heilt usannsynleg.
Så fekk han den.
Han syntest det likna ein slags heilag bibelrull, eller noko liknande.
"Bra, Arild." sa læraren idet han leverte prøva.
Arild stirra på han.
Det begynte å skumme rundt munnen hans. "Gledesfråde", kalla han det.
Litt sikkel rann ned på arka, men Arild var snar med å tørke det opp.
Han var på tre sider, engelsktentamen.
Første side, ingen feil.
Andre side, ingen feil.
Tredje side, ing.. to feil?!
Kva inn i gamperæva var dette for noko?!
Arild forøkte å roe seg ned.
Ja, ja, to feil. Han fekk no S allikevel. Eller..
Arild snudde prøva og så på karakteren.. G+
Han begynte å riste. Først skalv han på hendene, så knea og til slutt rista heile forbaska kroppen.
Nå fråda han også, men dette var definitivt ikkje "gledesfråde". Så avgjort ikkje. Han blei heilt raud i toppen og Arild følte at han måtte skrike. Da sa læraren;
"Husk no endeleg å vere stille mens dei andre har tentamen. Dei sit i rommet vil siden av og vil nødig bli forstyrra..."
Ta det med ro, tenkte Arildfor seg sjølv. Dette klarar du, ha full kontroll no. Må tenke på alt det fine i verda... blomar, bananar, fredsprisar, Beat for Beat... G+, G+, G+!
"YAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAARRRRRRRRRRRGH!!!"
To vindauge knuste og blod spruta ut av øyra til sidekameraten.
Læraren:
"Men Arild, kva feiler det deg?"
"Tidsmaskin! Eg må laga ein tidsmaskin!"
Arild døyde av ein overdose Heroin og Amfetamin den 21. oktober 1996.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar